Din offentlege ID

Språk: Bokmål | Nynorsk | English


Spørsmål og svar - MinID - felles innlogging til offentlege tenester

På denne sida kan du lese vanlege spørsmål og svar om innlogging med MinID. Klikk på spørsmålet for å få opp svaret.

1. Kva treng eg for å logge inn med MinID?
2. Eg er ny brukar. Korleis loggar eg inn med MinID?
3. Eg er registrert brukar. Korleis loggar eg inn med MinID?
4. Eg har gløymt passordet - kva gjer eg?
5. Kan eg bruke MinID frå utlandet?
6. Eg har problem med å logge meg inn med MinID. Kven kan eg kontakte?
7. Korleis kan eg vite at ingen andre kan sjå dei personlege opplysingane mine?
8. Kvifor må eg logge inn for å få tilgang til denne offentlege tenesta?
9. Kvifor blir det brukt piktogram?
10. Eg treng nye PIN-kodar - kva gjer eg?
11. Eg vil sperre PIN-kodane mine - korleis gjer eg det?
12. Kva adresse blir PIN-kodane sendt til?
13. Kor lang tid tek det frå ein bestiller kodane til ein får dei i posten?
14. Er det mogleg å få PIN-kodar på e-post eller SMS i staden for i posten?
15. Kan PIN-kodane bli sendt til ei anna adresse enn den ein er registrert med i Folkeregisteret?
16. Er PIN-kodar til MinID det same som eingongskodar til Altinn?
17. Kva namn får brukarstøtta opplyst når ein bestiller PIN-kodane?
18. Korleis ser konvolutten med PIN-kodane ut?
19. Kva skjer med PIN-kodebrevet viss det ikkje kjem fram i posten?
20. Kven har ansvaret for utsendinga av PIN-kodar?
21. Kven skal ein kontakte viss ein ikkje mottek PIN-kodane i posten?

1. Kva treng eg for å logge inn med MinID?

For å få tilgang til MinID treng du

  • fødselsnummer
  • PIN-kodar frå PIN-kodebrev frå skatteetaten

Om du treng nytt PIN-kodebrev, kan du bestille det ved å klikke på lenka "Bestill brev med PIN-kodar" nedst i skjermbiletet.

Gå tilbake til spørsmåla

2. Eg er ny brukar. Korleis loggar eg inn med MinID?

Klikk på "Registrer deg som ny brukar."

Registrer så desse opplysningane for å få tilgang til MinID:

  • Fødselsnummer
  • PIN-kode frå PIN-kodebrevet
  • Passord - åtte teikn, med små og store bokstavar
  • E-postadresse - blir brukt for å få tilsendt mellombels passord viss du gløymer passordet ditt
  • Mobilnummer - blir brukt for å få tilsendt kode på SMS ved innlogging, eller mellombels passord viss du gløymer passordet ditt
  • Du kan velje korleis du vil logge deg inn neste gong. Anten ved å få kode sendt som SMS, eller ved å nytte PIN-kodar frå brevet.

Gå tilbake til spørsmåla

3. Eg er registrert brukar. Korleis loggar eg inn med MinID?

Har du vore innlogga tidlegare, skriv du inn

  • fødselsnummeret
  • det passordet du har laga sjølv

Har du haka av for "Kode på SMS" i Brukarprofilen, vil du no få tilsendt ein kode på mobiltelefonen. Skriv inn koden du har fått, fem teikn. Om du ikkje har valt å nytte kode frå mobiltelefon, skriv du inn PIN-kode frå PIN-kodebrevet (det nummeret du blir spurt om). Du kan også velje å logge inn med PIN-kode frå brevet sjølv om du har valt å bruke kode frå SMS. Klikk då på lenke til høgre i skjermbilete "Eg vil heller nytte PIN-kodar".

Gå tilbake til spørsmåla

4. Eg har gløymt passordet - kva gjer eg?

Har du gløymt passordet, må du få tilsendt eit mellombels passord. Det gjer du slik:

  • klikk på knappen "Gløymt passord," så
  • skriv du anten inn koden du får tilsendt på SMS
  • eller så skriv du inn PIN-kode frå PIN-kodebrevet

Det mellombelse passordet blir sendt til deg på e-post eller SMS, avhengig av kva du har valt i brukarprofilen din.

Du vil straks få eit mellombels passord. Det varer i ti minutt og kan berre brukast ein gong. Skriv inn det mellombelse passordet. Skriv så inn eit nytt passord du lagar sjølv. Gjenta det nye passordet.

Gå tilbake til spørsmåla

5. Kan eg bruke MinID frå utlandet?

Ja, du kan bruke MinID frå utlandet. Om du ønskjer, kan du få koden du treng for innlogging sendt til utanlandstelefonen din. Registrer då mobiltelefonnummeret i brukarprofilen din. Hugs retningsnummer.

Gå tilbake til spørsmåla

6. Eg har problem med å logge meg inn på Miside. Kven kan eg kontakte?

Du kan først sjå om du finn hjelp her i spørsmål og svar. Om du ikkje finn svar, kan du kontakte MinID brukarstøtte på telefon 800 30 300, eller klikke på lenka "Kontakt oss" nedst i skjermbiletet.

Gå tilbake til spørsmåla

7. Korleis kan eg vite at ingen andre kan sjå dei personlege opplysningane mine?

Den elektroniske kommunikasjonen mellom innbyggjaren og tenesteeigarane som bruker MinID er sikker og kan ikkje lesast av andre. Så sant ingen får tak i passordet og SMS-koden/ PIN-kodane dine, vil det ikkje vere mogleg for andre å få tilgang til data om deg.

Klikk her for meir informasjon om personvern og tryggleik.

Gå tilbake til spørsmåla

8. Kvifor må eg logge inn for å få tilgang til denne offentlege tenesta?

Du har valt ei offentleg teneste som krev innlogging. Dette er ei teneste der det er bruk for å vite kven du er. Dei som leverer tenesta, anten det er ein kommune eller ein statleg etat, må vite sikkert at du er den du gjev deg ut for å vere. Ei slik teneste kan til dømes vere ein stillingssøknad, ein barnehagesøknad eller ein søknad om betalingsutsetjing på studielånet.

Gå tilbake til spørsmåla

9. Kvifor blir det brukt piktogram?

Det blir brukt piktogram (biletsymbol) for å hindre at uvedkommande får tilgang til brukarkontoen din. Bruk av piktogram er ein måte å finne ut om brukaren er eit menneske eller ei maskin, og piktogrammet vil gjere automatiserte forsøk på å logge inn på brukarkontoen din vanskeleg.

Gå tilbake til spørsmåla

10. Eg treng nye PIN-kodar - kva gjer eg?

Klikk på lenka "Bestill PIN-kodar" nedst i skjermbiletet. Du kjem då til skatteetaten sine bestillingssider for PIN-kodar. Klikk på "Bestill PIN-kodar" og skriv inn fødselsnummeret ditt. PIN-kodane blir då sende i posten til den adressa du er registrert med i folkeregisteret.

Gå tilbake til spørsmåla

11. Eg vil sperre PIN-kodane mine - korleis gjer eg det?

Klikk på lenka "Sperr PIN-kodar" nedst i skjermbiletet. Her kan du sperre PIN-kodane dine for vidare bruk om du har mista dei eller er redd for at andre har fått tak i dei. Etterpå kan du bestille nye kodar ved å klikke på lenka "Bestill brev med PIN-kodar" nedst i skjermbiletet.

Gå tilbake til spørsmåla

12. Kva adresse blir PIN-kodane sende til?

PIN-kodane blir sende til den adressa du er registrert med i folkeregisteret. Viss du er registrert med både ei bustadsadresse og ei postadresse i folkeregisteret, vil du få PIN-kodane sendt til postadressa.

Gå tilbake til spørsmåla

13. Kor lang tid tar det frå ein bestiller kodane til ein får dei i posten?

Det tar 1-5 virkedagar før du mottek PIN-kodane. PIN-kodane blir sende som A-post.

Gå tilbake til spørsmåla

14. Er det mogleg å få PIN-kodar på e-post eller SMS i staden for i posten?

Nei, av tryggleiksmessige grunnar blir PIN-kodane berre sende til den folkeregistrerte adressa. Viss du allereie er registrert som brukar av MinID, kan brukarprofilen din bli endra slik at du får kodar for innlogging tilsendt på SMS i staden for å bruke PIN-kodebrevet.

Gå tilbake til spørsmåla

15. Kan PIN-kodane bli sende til ei anna adresse enn den ein er registrert med i folkeregisteret?

Nei, av tryggleiksmessige årsaker blir PIN-kodane berre sende til den adressa ein er registrert med i folkeregisteret.

Gå tilbake til spørsmåla

16. Er PIN-kodar til MinID det same som eingongskodar til Altinn?

Nei, MinID er ei felles innlogging til offentlege tenester på Internett (også Altinn), medan eingongskodar til Altinn berre kan brukast på www.altinn.no.

Gå tilbake til spørsmåla

17. Kva namn får brukarstøtta opplyst når ein bestiller PIN-kodane?

Brukarstøtta ser ingen namn eller personopplysningar anna enn fødselsnummeret når ein bestiller PIN-kodar. Det blir berre vist ei stadfesting på at PIN-kodane er bestilt for det fødselsnummeret som blir lagt inn i bestillinga.

Gå tilbake til spørsmåla

18. Korleis ser konvolutten med PIN-kodane ut?

Konvolutten er kvit, og det står at utsendinga har prioritet som A-post. På baksida står returadressa.

Gå tilbake til spørsmåla

19. Kva skjer med PIN-kodearket viss det ikkje kjem fram i posten?

Viss ein til dømes er registrert med feil adresse i folkeregisteret, vil PIN-kodane bli sende i retur til Skattedirektoratet.

Gå tilbake til spørsmåla

20. Kven skal ein kontakte viss ein ikkje mottek PIN-kodane i posten?

Ta kontakt med Folkeregisteret for å få stadfesta at adressa PIN-kodane skal sendast til er rett. Hugs at ein må merke postkassa med både fornamn og etternamn.

Gå tilbake til spørsmåla

21. Kven har ansvaret for utsendinga av PIN-kodar?

Skattedirektoratet distribuerer PIN-kodane, og har såleis ansvar for utsendinga.