Din offentlege ID
For å kunne bruke MinID, må du registrere deg som brukar.
For trygg og effektiv bruk av MinID, må informasjonen om mobilnummer og e-postadresse vere korrekt og oppdatert.
MinID er di private innlogging til offentlege tenester. Ved bruk av pin-kodar og eit passord du vel sjølv, er dette ei teneste som identifiserar deg.
Alle over 13 år kan opprette MinID. Til det treng du PIN-kodar. Har du ikkje det, må du bestille. Brevet blir sendt til de adressa du er registret med i folkeregisteret. Det tek nokre dagar før du får det i posten.
Per april 2010 har over 2 mill. nordmenn registrert seg som brukarar av MinID. MinID kan brukast på meir enn 50 tenester på nett frå både statleg og kommunal sektor, mellom anna NAV, Skatteetaten og Lånekassen.